Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om Israels avgjerd om busetjingar (18.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU uttrykkjer misnøye med avgjerda som den israelske regjeringa tok 13. desember om å inkludere visse busetjingar i det nasjonale programmet for prioriterte område.

EU uttrykkjer misnøye med avgjerda som den israelske regjeringa tok 13. desember om å inkludere visse busetjingar i det nasjonale programmet for prioriterte område.

Avgjerda er i strid med ånda i vedtaket om å fryse talet på busetjingar, som ministrane såg positivt på, som eit første steg i rett lei, i konklusjonane frå rådet for utanrikssaker som nyleg vart halde. Ho er òg til hinder for at det kan skapast føresetnader for at forhandlingane om ei tostatsløysing kan takast opp att. EU oppmodar i staden Israel om å fortsetje på vegen som vart staka ut i moratoriet. 

EU gjentek at busetjingar på okkupert land er ulovlege etter folkeretten. EU oppmodar den israelske regjeringa om straks å få slutt på all busetjingsverksemd. 

EU oppmodar på nytt om at forhandlingane må takast opp att snarast råd, og at dei må føre fram, innanfor ei fastsett tidsramme, til ei tostatsløysing der staten Israel og ein uavhengig, demokratisk, samanhengande og levedyktig palestinsk stat lever side om side i fred og tryggleik. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.