Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om politisk vald i Jemen (15.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU stadfester på nytt si støtte til eit samla, stabilt og demokratisk Jemen. I denne samanhengen er unionen svært uroa over rapportar om tilfelle av politisk vald den seinare tida.

EU stadfester på nytt si støtte til eit samla, stabilt og demokratisk Jemen. I denne samanhengen er unionen svært uroa over rapportar om tilfelle av politisk vald den seinare tida, både i den sørlege delen og andre stader i landet, som allereie har leidd til at menneskeliv har gått tapt.  

EU oppmodar alle partar om å vise atterhald og avstå frå valdelege handlingar, som berre vil bidra til å auke spenninga og forsterke problema i regionen. EU oppmodar på det sterkaste regjeringa, alle dei politiske partia, organisasjonane i sivilsamfunnet og borgarane i Jemen om å gå inn i ein dialog der ein kan identifisere problemområde og raskt setje i verk tiltak for å rette på tilhøve som har ført til legitime klagemål. 

Vidare uttrykkjer EU uro over at mediefridomen er innskrenka den siste tida etter mediedekninga av hendingar i Sør-Jemen. EU oppmodar regjeringa i Jemen til å verne om mediefridomen og retten til informasjon som grunnleggjande rettar. 

EU anerkjenner og ser positivt på den rolla Golfsamarbeidsrådet (GCC) speler for å støtte utviklinga i Jemen, slik det vart uttrykt på det 19. felles råds- og ministermøtet mellom EU og GCC den 29. april i Muscat. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.