Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utviklinga i Den demokratiske folkerepublikken Korea den seinare tida (20.04.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU er djupt uroa over avgjerda til Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) om å trekkje seg frå sekspartsforhandlingane, avbryte samarbeidet med IAEA og ta opp att verksemda ved dei kjernefysiske anlegga i landet.

EU er djupt uroa over avgjerda til Den demokratiske folkerepublikken Korea (Nord-Korea) om å trekkje seg frå sekspartsforhandlingane, avbryte samarbeidet med IAEA og ta opp att verksemda ved dei kjernefysiske anlegga i landet. Denne avgjerda er i strid med resolusjon 1718 frå FNs tryggingsråd og går imot innsatsen verdssamfunnet har gjort gjennom sekspartsforhandlingane for å sikre fred og stabilitet på Koreahalvøya, som i framtida kan verte fri for kjernefysiske våpen. 

EU oppmodar den nordkoreanske regjeringa om å trekkje tilbake avgjerda om å vise ut IAEA-inspektørane og avgjerda om å ta opp att verksemda ved dei kjernefysiske anlegga som no er stengde. EU oppmodar òg Nord-Korea om å halde fram med samarbeidet med IAEA, å ta opp att sekspartsforhandlingane så snart som råd er, slik det vert kravd i presidenterklæringa frå FNs tryggingsråd, og å setje i verk tiltak som vil leggje til rette for varig stabilitet og kjernefysisk nedrusting på Koreahalvøya. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, det potensielle søkjarlandet Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.