Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av sju lovbrytarar, deriblant to mindreårige, som fann stad i Saudi-Arabia (20.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU fordømmer på det sterkaste at dødsdommane mot sju lovbrytarar i Saudi-Arabia - mellom anna for brotsverk gjort som mindreårige - vart fullbyrda 12. mai 2009.

EU fordømmer på det sterkaste at dødsdommane mot Bin Khalid Mahmud al-Maskati, Yusef Bin Hassan Bin Salman al-Muwallad, Qassim Bin ‘Ali Bin Ibrahim Al-Nakhli, Sultan Bin Sulayman Bin Muslim al-Muwallad, ‘Issa Bin Muhammad ‘Umar Muhammad, Bilal Bin Muslih Bin Jabir al-Muwallad og Ahmad Hamid Muhammad Sabir vart fullbyrda 12. mai 2009. 

EU går imot dødsstraff i alle tilfelle og under alle omstende. Vårt syn er at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane. EU ser på dødsstraff som ei grufull og umenneskeleg straff og er fast overtydd om at dødsstraff ikkje verkar avskrekkande. Vidare minner EU om at alle justismord ved bruk av dødsstraff representerer uopprettelege og irreversible tap av menneskeliv. 

EU er djupt uroa over måten dødsstraffa vert brukt på i Saudi-Arabia, særleg at Sultan Bin Sulayman Bin Muslim al-Muwallad og ‘Issa bin Muhammad ‘Umar Muhammad vart avretta på grunn av brotsverk dei gjorde seg skuldige i som mindreårige i ein alder av 17 år. EU minner om at slike avrettingar er i strid med pliktene Saudi-Arabia har etter FN-konvensjonen om rettane til barnet av 20. november 1989, som Saudi-Arabia ratifiserte 26. januar 1996, der det i artikkel 37 a) står at “Dødsstraff eller fengsel på livstid utan høve til lauslating er ikkje tillate dersom barnet gjorde brotsverket før det fylte 18 år.” 

EU meiner det er heilt nødvendig at statar som insisterer på å bruke dødsstraff, gjer det med tilbørleg respekt for internasjonale forpliktingar om å verne menneskerettane. Dette omfattar tilsegna om at dødsstraff berre kan fullbyrdast på grunnlag av ein endeleg dom etter ein rettsprosess der alle tiltak er sette i verk for å sikre ein rettferdig rettargang, blant anna at alle som er mistenkte eller sikta for eit brotsverk som kan straffast med døden, har rett til tilstrekkeleg rettshjelp på alle stadium i rettargangen. 

Difor fordømmer EU på det sterkaste desse avrettingane og oppmodar Saudi-Arabia om å rette seg etter dei internasjonale tilsegnene sine. Vidare oppmodar EU Saudi-Arabia om å innføre eit moratorium med sikte på å vurdere å avskaffe dødsstraffa for alle lovbrot. Eit slikt tiltak ville vere i samsvar med den globale utviklinga mot avskaffing av dødsstraff, som blant anna kjem til uttrykk i resolusjonane som nyleg har kome frå FNs generalforsamling, der FN tek til orde for innføring av eit moratorium. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.