Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot Roxana Saberi (20.04.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU er svært uroa over dommen som vart kunngjord av den iranske revolusjonære domstolen 18. april 2009 mot Roxana Saberi for påstått spionasje.

EU er svært uroa over dommen som vart kunngjord av den iranske revolusjonære domstolen 18. april 2009 mot Roxana Saberi for påstått spionasje. EU meiner at saka som vart ført mot Saberi, ikkje stetta krava til ein rettferdig og open rettargang.  

EU oppmodar dei iranske styresmaktene innstendig om å setje fri Roxana Saberi. 

EU oppmodar på nytt Den islamske republikken Iran om å rette seg etter alle internasjonale menneskerettsdokument landet har ratifisert, særleg den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og FNs menneskerettserklæring, som begge garanterer retten til ein rettferdig rettargang. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.