Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om vedtakinga av tryggingsrådsresolusjon 1904 (2009) (18.12.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU ser positivt på vedtakinga av tryggingsrådsresolusjon 1904 (2009) 17. desember 2009 og på dei viktige forbetringane resolusjonen inneber for sanksjonsregimet mot Al Qaida og Taliban og tilknytte personar og grupper.

EU, som er fast bestemt på å kjempe mot terroristhandlingar i samsvar med FN-charteret og folkeretten, medrekna menneskerettslovgjevinga, ser positivt på vedtakinga av tryggingsrådsresolusjon 1904 (2009) 17. desember 2009 og på dei viktige forbetringane resolusjonen inneber for sanksjonsregimet mot Al Qaida og Taliban og tilknytte personar og grupper. 

I denne resolusjonen vert det innført ei rekkje nye element som gjeld prosedyrane for når personar og grupper skal førast opp på eller fjernast frå lista, framfor alt gjennom at ein uavhengig og upartisk ombodsmann skal sjå på søknader om at slike personar og grupper skal fjernast frå lista. Dette må ein sjå på som eit viktig steg framover i arbeidet Tryggingsrådet heile tida gjer for å sikre at det finst rettferdige og tydelege prosedyrar for å føre opp personar og grupper på lista som vart oppretta på grunnlag av resolusjon 1267, og for å fjerne dei frå denne lista. 

Desse reformene, saman med tidlegare reformer, er eit ledd i ein kontinuerleg prosess for å forbetre sanksjonssystemet. Dersom ein sikrar at personane og gruppene det gjeld, har prosessuelle garantiar, styrkjer dette effektiviteten og bidreg til å gjere dette og andre sanksjonsregime meir truverdige. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.