Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om politiske fangar i Eritrea (18.09.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Norsk tilslutning til ei EU-erklæring om politiske fangar i Eritrea.

Den europeiske unionen er framleis djupt uroa over at regjeringa i Staten Eritrea held fram med å alvorleg krenkje menneskerettsskyldnadene sine etter nasjonal rett og folkeretten. Særleg ber Den europeiske unionen regjeringa i Staten Eritrea om å setje fri alle politiske fangar utan vilkår.

For åtte år sidan, den 18. september 2001, vart ei gruppe på elleve framståande medlemmer av nasjonalforsamlinga og av Folkefronten for demokrati og rettferd, det einaste politiske partiet i Eritrea, arresterte. Fem dagar seinare, den 23. september 2001, vart òg ti uavhengige journalistar arresterte. Sidan då har andre einskildpersonar vorte arresterte og haldne utan kontakt med omverda og fråtekne retten til tilbørleg handsaming.

Trass i fleire oppmodingar frå det internasjonale samfunnet, medrekna EU, og fleire statlege og ikkje-statlege menneskerettsorgan, vert desse fangane haldne i fengsel. Ingen av dei har nokon gong vorte formelt tiltalte i ein domstol, slik eritreisk rett krev, og lagnaden til fangane er ukjend. Familiar, advokatar lækjarar har vorte nekta tilgang til fangane.

Denne åtferda er eit klart brot på skyldnader som er fastsette i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR), som er ratifisert av Eritrea, til dømes forbodet mot vilkårleg fridomskrenking og retten som alle som har tapt fridomen sin, har til å verte handsama på ein human og verdig måte.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på EUs nettsider (PDF).