Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om den humanitære situasjonen i Gaza (18.11.09)

EU er framleis svært uroa over den humanitære situasjonen i Gaza. Oppmodingane om å setje i verk hastetiltak har ikkje vorte godt nok følgde opp.

EU er framleis svært uroa over den humanitære situasjonen i Gaza. Oppmodingane om å setje i verk hastetiltak har ikkje vorte godt nok følgde opp.

EU oppmodar på nytt om at det må gjennomførast konkrete tiltak snarast råd for å løyse den humanitære krisa i Gaza og gje høve til gjenreising og økonomisk framgang.

EU merkjer seg med uro at situasjonen på staden ikkje har betra seg sidan januar 2009. Isoleringspolitikken som starta i 2007 og framleis vert gjennomført, har øydelagt økonomien i den private sektoren og skadd miljøet ytterlegare. Den dårlege kvaliteten på vatnet er særleg urovekkjande.

Det er heilt nødvendig å byggje opp att hus, skular og helseinstallasjonar, noko verdssamfunnet forplikta seg til ved gjevarkonferansen i Sharm el Sheikh, men det vert framleis lagt hindringar i vegen for dette. Medan ekstremistane vinn på den noverande situasjonen, vert livet stadig vanskelegare for sivilbefolkninga, der halvparten er barn.

EU oppmodar på nytt om at grenseovergangane straks og utan vilkår må opnast for humanitær hjelp, varer og personar til og frå Gaza. Avtalen om fri rørsle og tilgang frå 2005 må gjennomførast. EU ber Israel innstendig om å leggje til rette for overføring av materielle og økonomiske ressursar til Gaza i samband med gjennomføringa av FNs pilotprosjekt. EU oppmodar om ei fullstendig gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1860.

EU, som fullt ut erkjenner Israels legitime tryggleiksbehov, oppmodar igjen om at det vert full stans i alle valdshandlingar, deriblant varig stans i rakettangrepa på Israel, og om ei effektiv ordning for å hindre at det vert smugla våpen og ammunisjon inn på Gazastripa.

EU oppmodar på nytt dei som held den bortførte israelske soldaten Gilad Shalit fanga, om å setje han fri med det same.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.