Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om utnemninga av president Blaise Compaoré som meklar i krisa i Guinea (06.10.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen fordømmer på nytt den valdelege undertrykkinga av demonstrantane i Conakry 28. september, slik det kom til uttrykk i erklæringa frå formannskapen frå 29. september, og er forferda over rapportane om brot på menneskerettane etter undertrykkinga og svært uroa over utviklinga i Guinea.

Den europeiske unionen fordømmer på nytt den valdelege undertrykkinga av demonstrantane i Conakry 28. september, slik det kom til uttrykk i erklæringa frå formannskapen frå 29. september, og er forferda over rapportane om brot på menneskerettane etter undertrykkinga og svært uroa over utviklinga i Guinea.

EU oppmodar difor Nasjonalrådet for demokrati og utvikling, dei politiske partia og alle relevante aktørar i Guinea om å gjere tiltak med det same for å gjenreise rettsstaten og få landet tilbake på vegen mot konstitusjonelt styre og demokrati.

EU støttar erklæringane frå ECOWAS og Kommisjonen i Den afrikanske unionen 29. september. EU seier seg glad for at presidenten i Burkina Faso, Blaise Compaoré, er utnemnd som meklar i krisa i Guinea på vegner av ECOWAS og den internasjonale kontaktgruppa for Guinea.

Den europeiske unionen vil halde nær kontakt med Blaise Compaoré. EU vil støtte arbeidet til meklaren, ECOWAS, Den afrikanske unionen og FN for å sikre ei fredeleg og varig løysing på situasjonen i Guinea. EU er framleis aktivt engasjert i arbeidet til den internasjonale kontaktgruppa for Guinea.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.