Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om drapa i Honduras den siste tida (21.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU fordømmer morda på representantar for sivilsamfunnet og media, eller slektningane deira, som har funne stad i Honduras den siste tida, og uttrykkjer solidaritet med familiane deira. Det er viktig at desse morda vert etterforska snarast råd, på ein open og grundig måte. Gjerningsmennene bak desse morda må stillast for retten.

EU fordømmer morda på representantar for sivilsamfunnet og media, eller slektningane deira, som har funne stad i Honduras den siste tida, og uttrykkjer solidaritet med familiane deira. Det er viktig at desse morda vert etterforska snarast råd, på ein open og grundig måte. Gjerningsmennene bak desse morda må stillast for retten.

EU gjer særleg merksam på mordet på Walter Trochez, som arbeidde for menneskerettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar og var medlem av Den nasjonale motstandsfronten, i Honduras 13. desember, og på mordet på Katherine Nicolle Rodríguez Cabrera, den 16 år gamle dottera til journalist Karol Cabrera, 17. desember.

EU minner om at dei honduranske styresmaktene er forplikta til å verne om menneskerettane, mellom anna ytringsfridomen, og den personlege tryggleiken til alle menneske i Honduras, og oppmodar alle politiske grupper i landet om å avstå frå valdshandlingar. På dette punktet oppmodar EU dei honduranske styresmaktene om å gjere alt som står i deira makt for å sikre tryggleiken til menneskerettsaktivistar, i samsvar med FN-erklæringa om rettar og ansvar for einskildmennesket, grupper og samfunnsorgan for å fremje og verne universelt godkjende menneskerettar og grunnleggjande fridomar.

EU understrekar òg ikkje-diskrimineringsprinsippet om at menneskerettane gjeld likt for alle menneske uavhengig av mellom anna seksuell orientering og kjønnsidentitet, slik det er nedfelt i FN-erklæringa om seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.