Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om rettssaka mot sju bahai'-leiarar i Iran (17.02.09)

EU er djupt uroa over dei alvorlege skuldingane som er retta mot sju bahai'-leiarar i Iran. Dei har vore internerte av dei iranske styresmaktene i åtte månader utan at dei har vore tiltala for noko, og dei har ikkje hatt tilgang til juridisk bistand i denne tida.

EU er djupt uroa over dei alvorlege skuldingane som er retta mot sju bahai'-leiarar i Iran. Dei har vore internerte av dei iranske styresmaktene i åtte månader utan at dei har vore tiltala for noko, og dei har ikkje hatt tilgang til juridisk bistand i denne tida.

EU er uroa for at bahai'-leiarane ikkje får ei rettferdig rettssak, etter at dei har vore internerte så lenge utan lov og dom. EU oppmodar difor styresmaktene i Den islamske republikken Iran om å tillate uavhengige observatørar å vere til stades under rettssaka, og ber dei revurdere tiltalane mot desse personane.

EU ønskjer å gje uttrykk for sin sterke motstand mot alle former for diskriminering og undertrykking, særleg på grunnlag av religiøs praksis. EU ber difor Den islamske republikken Iran innstendig om å respektere og verne dei religiøse minoritetane i Iran, og sleppe fri alle fangar som vert haldne internerte på grunn av si tru eller sin religiøse praksis.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings-prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.