Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssituasjonen i Iran i høve 33-årsdagen for den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar (18.03.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om menneskerettssituasjonen i Iran.

EU roser den positive utviklinga det iranske folket har oppnådd på det sosiale området og innanfor utdanning og kultur, men er samstundes uroa over at Den islamske republikken Iran fleire gonger har brote den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR), som landet har underteikna og ratifisert.

Desse brota omfattar blant anna vilkårlege arrestasjonar, trakassering og andre undertrykkingstiltak mot ei rekkje kvinneaktivistar som tek del i kampanjen ”Ein million underskrifter” og i Maydaan-rørsla. EU fordømmer denne trakasseringa på det sterkaste og oppmodar dei iranske styresmaktene om å setje fri Alieh Aghdam-Doust og Ronak Safarzadeh, som sit fengsla, og å oppheve tiltalen mot Nafiseh Asad. Alle tre har delteke i ein fredeleg aksjon for likestilling.

EU har vore vitne til ei urovekkjande utvikling der forsamlings- og ytringsfridommen til det iranske folket vert stadig meir innskrenka. Menneskerettsaktivistar, journalistar, studentar, medlemmer av fagrørsla og andre som uttrykkjer synspunkt og meiningar på fredeleg vis, vert ofte tiltalte på grunnlag av uklåre tilvisingar til offentleg tryggleik. I nokre tilfelle vert dei nekta tilgang til rettshjelp, og dei som forsvarer dei, til dømes Senteret for forsvar av menneskerettane (DHRC), vert motarbeidde trass i at dei driv ei lovleg verksemd.

I denne samanhangen rettar EU ei innstendig oppmoding til Iran om å oppheve dommen mot to HIV-spesialistar, brødrane Arash og Kamiar Alaei, som er dømde til fengsel i seks og tre år. EU oppmodar òg dei iranske styresmaktene om å tillate at Senteret for forsvar av menneskerettane opnar att, og om å oppheve fengselsstraffa og tiltalen mot fleire (ti) journalistar og bloggarar. EU har tidlegare sendt ei liste med namna deira til dei iranske styresmaktene.

EU oppmodar vidare dei iranske styresmaktene om å oppheve tiltalen mot ei rekkje studentar ved universitetet i Shiraz. Minst 18 av desse studentane har i tillegg fått forbod mot å halde fram med utdanninga si etter at dei deltok i ei fredeleg samling på den nasjonale studentdagen. EU tek dessutan til orde for at det skal vere fullt høve til å praktisere retten til å ferdast fritt, deriblant til å reise ut av landet. Dette gjeld òg for Said Razzavi-Faqih, ein tidlegare studentaktivist som er dømd in absentia for fredeleg verksemd, og som har fått passet sitt kverrsett av dei iranske styresmaktene.

EU er framleis parat til å ta del i konstruktivt samarbeid på alle område, medrekna
menneskerettsdialogen, og oppmodar Iran om å oppfylle forpliktingane sine etter folkeretten, blant anna etter ICCPR, som tredde i kraft for 33 år sidan, og som vert feira denne måndagen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, det potensielle søkjarlandet Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.