Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om dei nært føreståande avrettingane av mindreårige i Iran (09.10.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU er djupt uroa over rapportar om at Behnoud Shojaee og Safar Angoti, som begge er funne skuldige og dømde til dødsstraff for lovbrot dei gjorde som mindreårige, skal avrettast i nærmaste framtid.

EU er djupt uroa over rapportar om at Behnoud Shojaee og Safar Angoti, som begge er funne skuldige og dømde til dødsstraff for lovbrot dei gjorde som mindreårige, skal avrettast i nærmaste framtid.

EU minner om kontakten unionen har hatt med styresmaktene i Den islamske republikken Iran om begge desse sakene, og i tillegg om erklæringa frå 8. september 2009.

EU merkjer seg vidare at avrettinga av Abbas Hosseini, som òg er dømd til døden for eit lovbrot han gjorde som mindreårig, skulle ha funne stad 5. oktober, men vart avlyst. Abbas Hosseini står likevel i overhengjande fare for å verte avretta.

EU peikar på at desse avrettingane ville vere eit direkte brot på internasjonalt regelverk som Den islamske republikken Iran er bunden av, nærmare bestemt FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og FN-konvensjonen om barnerettane, som begge eintydig forbyr avretting av mindreårige og personar som er dømde for brotsverk dei har gjort seg skuldige i som mindreårige.

EU ber Den islamske republikken Iran innstendig om å gjere om dødsdommane mot Behnoud Shojaee og Safar Angoti, avskaffe bruken av dødsstraff for lovbrot som er gjorde før fylte 18 år og endre lovgjevinga ytterlegare slik at ho vert i samsvar med dei internasjonale menneskerettskonvensjonane som Iran har ratifisert, mellom dei FNs barnekonvensjon og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar.

EU har i mange år vore imot dødsstraff under alle omstende og minner vidare om at alle justismord ved bruk av dødsstraff representerer uopprettelege og irreversible tap av menneskeliv. Formannskapen oppmodar på nytt dei iranske styresmaktene om å avskaffe dødsstraffa i alle samanhengar og ber om at det i mellomtida vert innført eit moratorium på avrettingar, slik det innstendig vert oppmoda om i resolusjonane 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.