Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den forverra tryggingssituasjonen i Jemen (27.08.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om tryggingssituasjonen i Jemen.

Den europeiske unionen erkjenner ansvaret som regjeringa i Jemen har for å sikre fred og tryggleik på territoriet sitt, men unionen er uroa over opptrappinga av kamphandlingane rundt Sa’dah nyleg, som har ført til ei rekkje sivile tap og urovekkjande mange internflyktningar. Den europeiske unionen er òg uroa over verknaden av ei ytterlegare utviding av konflikten til tilgrensande jemenittiske guvernorat og til heile regionen.

Den europeiske unionen minner alle partar om at dei pliktar å respektere internasjonal menneskerett og humanitærrett. Unionen oppmodar særleg partane til å tillate sivile å flykte frå konflikten til trygge stader, til å gjere det lettare for FN og ikkje-statlege organisasjonar å få tilgang til område der internflyktningar har samla seg og til å straks tillate at desse internflyktningane får førstehjelp og humanitærhjelp.

Den europeiske unionen oppmodar alle partane til å avslutte kamphandlingane straks. Den europeiske unionen meiner at berre ei omfattande politisk løysing kan gje varig fred, og oppmodar alle partane til å arbeide aktivt for ei forhandlingsløysing.

Den europeiske unionen stadfestar si støtte til eit samla, stabilt og demokratisk Jemen. Stabilitet i Jemen er avgjerande for folket i Jemen og for heile regionen.

Den europeiske unionen er framleis forplikta til å styrkje partnarskapet sitt med Jemen i nært samarbeid med regionale partnarar, særleg Golfsamarbeidsrådet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen

Les erklæringa på EUs nettsider (PDF).