Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om Kenya (01.10.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU konstaterer med uro at den kenyanske regjeringa ikkje har klart, innanfor den fastsette tidsramma, å opprette ein lokal spesialdomstol som er truverdig, uavhengig og konstitusjonelt beskytta, og som kan få slutt på straffridomen for dei ansvarlege for valden etter valet.

EU konstaterer med uro at den kenyanske regjeringa ikkje har klart, innanfor den fastsette tidsramma, å opprette ein lokal spesialdomstol som er truverdig, uavhengig og konstitusjonelt beskytta, og som kan få slutt på straffridomen for dei ansvarlege for valden etter valet.

EU oppmodar Kenya om å vedta tiltak snarast råd for å få slutt på straffridomen og kjempe mot korrupsjon. EU oppmodar òg dei kenyanske styresmaktene om å samarbeide fullt ut og effektivt med den internasjonale straffedomstolen.

Den europeiske unionen vil halde fram med å følgje nøye med på det som skjer i Kenya, og vil vurdere korleis ein kan få fortgang i reformene i nært samarbeid med andre internasjonale samarbeidspartnarar.

EU understrekar på nytt standpunktet sitt frå 27. juli 2009 og oppmodar dei politiske leiarane i Kenya om å ta del i og forplikte seg til ei fullstendig gjennomføring av reformene, slik det er fastsett i lova om nasjonal einskap og forsoning (2008) som vart mekla fram av AU-panelet av framståande afrikanske personar under leiing av Kofi Annan. Her vert dei kenyanske styresmaktene oppmoda på det sterkaste om å vise full respekt for menneskerettane.

EU stadfestar på nytt at unionen vil støtte reformprosessen, som er svært viktig for forsoning, nasjonsbygging, utvikling og førebygging av konfliktar i framtida i Kenya.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).