Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utviklinga på Madagaskar den seinare tida (20.03.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om utviklinga på Madagaskar.

EU er svært uroa over utviklinga på Madagaskar, som har leidd til at den demokratisk valde presidenten, Marc Ravalomanana, er avsett med makt.

EU oppmodar dei gassiske partane innstendig om  fullt ut å rette seg etter dei føresegnene i Madagaskars grunnlov som gjeld når presidentembetet står ledig.

EU stadfester på nytt sitt engasjement for at demokratiske og konstitusjonelle prinsipp, rettsstatlege prinsipp og menneskerettane skal respekterast, og fordømmer alle forsøk på å ta makta med udemokratiske middel.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.