Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Madagaskar (06.02.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen er djupt uroa over opptøyane, tapa av menneskeliv og øydeleggingane som har gått føre seg på Madagaskar og uttrykkjer medkjensle med Madagaskars befolkning, som lever under vanskelege forhold.

Den europeiske unionen er djupt uroa over opptøyane, tapa av menneskeliv og øydeleggingane som har gått føre seg på Madagaskar og uttrykkjer medkjensle med Madagaskars befolkning, som lever under vanskelege forhold.

EU oppmodar innstendig alle partar om å vise atterhald og engasjere seg gjennom dialog.

EU stadfester at unionen er tilhengjar av respekt for menneskerettane, dei demokratiske prinsippa og rettsstaten, som er dei sentrale elementa i Cotonou-avtalen, som knyter ACP-landa og EU saman.

EU oppmodar styresmaktene, dei politiske kreftene og sivilsamfunnet på Madagaskar om å overvinne krisa gjennom dialog, i samsvar med lova og dei konstitusjonelle reglane, og vidareføre arbeidet med reformene som trengst for å innfri dei sterke krava om større sosial rettferd, demokrati og ei sunn offentleg forvaltning.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.