Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av EU om menneskerettssituasjonen i Irak (11.11.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU uttrykkjer djup uro over menneskerettssituasjonen i Irak. EU seier seg lei for at det på nytt vert utført avrettingar i Irak. Det er kjent at minst 117 personar har vorte avretta sidan mai i år, då stansen i avrettingar frå 2007 vart oppheva.

EU uttrykkjer djup uro over menneskerettssituasjonen i Irak. EU seier seg lei for at det på nytt vert utført avrettingar i Irak. Det er kjent at minst 117 personar har vorte avretta sidan mai i år, då stansen i avrettingar frå 2007 vart oppheva.

EU finn det urovekkjande at det er ting som tyder på at det reelle talet på avrettingar er høgare, og at det no er 900 personar som ventar på dødsstraff  utan høve til å få prøvd saka på nytt. Rapportar syner òg at Irak vurderer å gjennomføre offentlege avrettingar. I denne samanhengen uttrykkjer EU uro over mangelen på rettferdig rettargang og over truverdige påstandar om at det vert brukt tortur for å presse fram tilståingar.

EU ser på dødsstraff som ei grufull og umenneskeleg straff og eit brot på retten til liv. EU oppmodar difor den irakiske regjeringa om å vende tilbake til ein reell stans i fullbyrdinga av dødsstraffa, i påvente av at denne straffa vert avskaffa. Eit slikt tiltak ville vere i samsvar med den globale utviklinga mot avskaffing av dødsstraff, som blant anna kjem til uttrykk i resolusjonar som nyleg har kome frå FNs generalforsamling.

Etter kvart som den irakiske staten vert ytterlegare konsolidert, er det ei rekkje store utfordringar som må løysast. Mellom anna må statsstrukturane styrkjast slik at staten kan verne folk mot brot på menneskerettane. På dette området understrekar EU på nytt kor viktig det er å kjempe mot straffridom og oppmodar den irakiske regjeringa om å styrkje innsatsen for å forbetre ansvarleggjeringsstrukturane slik at ein kan få bukt med straffridomen.

EU er særleg uroa over vanskane dei irakiske styresmaktene har med å førebyggje den forferdelege blinde valden som vert retta mot sårbare grupper i det irakiske samfunnet, til dømes dødelege angrep på etniske og religiøse minoritetar og homofile menn. Blind vald mot barn førekjem ofte, og dette er ei stor kjelde til uro for unionen.

Det same gjeld situasjonen for menneskerettsaktivistar, journalistar og medlemer av fagrørsla. Det er rapportert om drap og forsvinningar i utsette grupper, blant anna personar som arbeider i kvinneorganisasjonar, og personar som protesterer mot tilhøva i fengsla og mot tortur.

EU merkjer seg med djup uro at opprørsgrupper har angripe kvinnelege politikarar, statstilsette, journalistar og kvinnesaksaktivistar og -forkjemparar. Kvinnelege advokatar som representerer kvinner i saker som gjeld personlege tilhøve, er spesielt utsette, saman med kvinner som tek seg av utsette jenter og kvinner, til dømes dei som vert trua med æresdrap. Dei vanskelege tilhøva for journalistar, der representantar for pressa er mål for og vert drepne av militsgrupper, utgjer eit alvorleg brot på ytringsfridomen. EU oppmodar den irakiske regjeringa om å fremje ytrings- og pressefridomen, medrekna ytringsfridom på Internett.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.