Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om lova som avskaffar dødsstraff i delstaten New Mexico (23.03.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om lova som avskaffar dødsstraff i delstaten New Mexico , USA.

EU seier seg svært glad for at guvernør Bill Richardson 18. mars 2009 underteikna lova som avskaffar dødsstraff i den amerikanske delstaten New Mexico.

EU gratulerer guvernøren og den lovgjevande forsamlinga i New Mexico med dette historiske vedtaket, som gjer New Mexico til den 15. delstaten i Sambandsstatane som avskaffar dødsstraff.

EU håpar på det sterkaste at dette vedtaket vil inspirere andre delstatar i USA til å gjere det same.

EU meiner at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og til ei gradvis utvikling av menneskerettane.

EU stadfester på nytt at unionen har som mål å arbeide for at dødsstraffa vert avskaffa i alle land.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.