Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den politiske situasjonen i Niger (02.07.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om den politiske situasjonen i Niger.

EU er djupt uroa over den politiske utviklinga i Niger den seinare tida. Avgjerda frå den nigerske presidenten om å gjere bruk av artikkel 53 i grunnlova og oppløyse forfatningsdomstolen utan parlamentarisk kontroll er eit tilbakeslag for demokratiet i Niger.

EU oppmodar styresmaktene i Niger om å vise ansvar og ikkje sabotere framgangen for demokratiet i landet. EU meiner det er svært viktig at stabiliteten i Niger vert oppretthalden, og at dei demokratiske verdiane og rettsstaten vert respekterte. Dette er eit sentralt element i Cotonou-avtalen.

EU oppmodar alle politiske aktørar om å gå inn i ein dialog og løyse denne politiske krisa på fredeleg vis.

EU ser positivt på innsatsen til Den afrikanske unionen (AU) og Den økonomiske samanslutninga av vestafrikanske statar (ECOWAS) for å finne ei demokratisk løysing i Niger.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.