Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valden i Nigeria den siste tida (31.07.09)

EU uttrykkjer djup uro over den valdelege utviklinga den siste tida i nordlege deler av Nigeria, deriblant angrep frå militante grupper som går under namnet Boko Haram. EU beklagar at liv har gått tapt.

EU erkjenner at den nigerianske regjeringa har rett og plikt til å sikre fred og tryggleik innanfor grensene til landet. EU håper likevel at styresmaktene vil vise atterhald i maktbruken og syne respekt for menneskerettane. Det er viktig å verne om sivilbefolkninga. EU tek til orde for å vende tilbake til normale tilhøve snarast råd og vil fortsetje å følgje utviklinga nøye.

Søkjarlandet Kroatia*, det potensielle søkjarlandet Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.