Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei russiske planane om å styrkje det militære nærværet i Abkhasia og Sør-Ossetia (06.02.09)

Den europeiske unionen er alvorleg uroa over planane som Den russiske føderasjonen har offentleggjort om å styrkje sitt militære nærvær i dei georgiske regionane Abkhasia og Sør-Ossetia utan samtykke frå regjeringa i Georgia. Dette gjeld m.a. russiske planar om å opprette ein flåtebase på kysten av Abkhasia.

EU meiner at ei gjennomføring av desse planane vil innebere ei alvorleg krenking av prinsippet om Georgias suverenitet og territoriale integritet, som EU går sterkt inn for. All militær oppbygging i Abkhasia og Sør-Ossetia vil vere i strid med ånda i våpenkvileavtalane frå august og september 2008, auke spenninga og setje stabiliteten og tryggleiken i regionen i fare.

EU forventar at Russland vil handle ansvarleg og halde fram med å oppfylle alle sine forpliktingar. EU oppmodar òg Russland om å bruke alle relevante internasjonale fora, og særleg forhandlingane i Genève, for å drøfte tryggingsspørsmål.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Aserbajdsjan, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.