Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet av ny president i Somalia (03.02.09)

Den europeiske unionen gratulerer den nye presidenten i Republikken Somalia, Sheikh Sharif Sheikh Ahmed, med valsigeren.

Den europeiske unionen gratulerer den nye presidenten i Republikken Somalia, Sheikh Sharif Sheikh Ahmed, med valsigeren.

EU ser fram til å samarbeide med president Sheikh Sharif Sheikh Ahmed, det utvida føderale overgangsparlamentet og den nasjonale samlingsregjeringa som no skal skipast, for å skape fred og einskap igjen i Somalia. Vi er òg reie til å samarbeide med sivilsamfunnet i Somalia og andre sentrale aktørar for å nå dette målet.

EU rosar dei andre kandidatane i presidentvalet, parlamentets formann og parlaments-medlemmene for den store innsatsen dei har lagt ned for å få framgang i den politiske prosessen. EU vil òg framheve den aktive rolla som spesialutsendingen frå FNs general-sekretær, H.E. Ahmedou Ould-Abdallah, har spela, og takke regjeringa i Djibouti for deira usvikelege støtte til den politiske prosessen i Somalia.

Djibouti-prosessen har ført til eit godt resultat, men situasjonen på bakken er framleis svært skjør. Det er difor viktig at statsministeren vert utpeika og samlingsregjeringa skipa så snart råd er, for å stabilisere situasjonen. EU oppmodar òg alle politiske aktørar og relevante interessentar i Somalia om å slutte seg til fredsprosessen, og avstå frå nye valdshandlingar.

EU understrekar det akutte behovet for å innføre lov og orden igjen, med respekt for internasjonale menneskerettsstandardar og internasjonal humanitær rett, over heile landet. EU minner om sin mangslungne innsats for å støtte den somaliske fredsprosessen og gje humanitær naudhjelp og andre former for hjelp, for å lindre lidingane til folket i Somalia. EU ser fram til ein situasjon der atterreising og økonomisk utvikling kan kome i gang i Somalia.

Det føderale overgangs-charteret er forlengt til august 2011. Den nye leiinga må utvikle og setje i verk ein plan med sikte på å opprette levedyktige institusjonar så snart råd er, og innafor denne tidsramma.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.