Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om avrettingane ved steining i Somalia (18.11.09)

EU fordømmer avrettingane ved steining som nyleg har funne stad i Al Shabab-kontrollerte delar av Somalia, mellom anna av ei kvinne som var skulda for utruskap, nær byen Wajid, og av Abas Hussein Abdirahman, i byen Merka.

EU fordømmer avrettingane ved steining som nyleg har funne stad i Al Shabab-kontrollerte delar av Somalia, mellom anna av ei kvinne som var skulda for utruskap, nær byen Wajid, og av Abas Hussein Abdirahman, i byen Merka.

EU minner om sin motstand mot dødsstraff under alle omstende og beklagar at det framleis førekjem avrettingar i Somalia. Avretting ved steining er ein særleg grufull og umenneskeleg straffemåte.

EU oppmodar alle aktuelle partar om å avstå frå og avskaffe skikken med dødsstraff og å respektere menneskerettane og internasjonal humanitær rett generelt. EU oppmodar òg alle aktuelle partar om å sikre at det blir sett ein effektiv og permanent stoppar for skikken med avretting ved steining i landet, i samsvar med den internasjonale konvensjonen om politiske rettar og borgarrettar og den internasjonale konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Somalia er part i begge desse konvensjonane.

EU oppmodar alle aktuelle partar om å hindre at kvinna som vart dømd til døden saman med Abas Hussein Abdirahman, vert avretta.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.