Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter avgjerda til regjeringa i Sudan om å utvise 13 frivillige organisasjonar (10.03.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om utvisninga av 13 NGOer fra Sudan.

EU meiner at det at vidare humanitær hjelp til Sudan er særs viktig for å redde liv og avgjerande for å skape føresetnader for at fredsprosessane i Sudan kan gjennomførast, noko EU vil halde fram med å støtte på det sterkaste.

EU er difor svært uroa over avgjerda til regjeringa i Sudan om å utvise 13 internasjonale humanitære organisasjonar og kalle tilbake godkjenninga til tre lokale frivillige organisasjonar. Denne avgjerda er ein direkte trussel mot kontinuiteten i den internasjonale humanitære innsatsen i Darfur og skader hjelpeoperasjonane andre stader i Nord-Sudan. Desse frivillige organisasjonane sørgjer for livsviktige tenester til millionar av sårbare sivile i Sudan, med utgangspunkt i prinsippa om menneskerettane og internasjonal humanitærrett.

EU oppmodar regjeringa i Sudan om å revurdere avgjerda med det same og sikre at nødhjelpa til dei mest sårbare menneska i Sudan kjem fram utan avbrot.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.