Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av to personar i Thailand 24. august 2009 (27.08.09)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg lei for avrettingane av Bundit Charoenwanich og Jirawat Phumpruek med dødeleg injeksjon i Bang Kwang-fengselet i Bangkok 24. august.

Den europeiske unionen seier seg lei for avrettingane av Bundit Charoenwanich og Jirawat Phumpruek med dødeleg injeksjon i Bang Kwang-fengselet i Bangkok 24. august.

Den europeiske unionen seier seg lei for at avrettingane markerer slutten på eit nær seks år langt de facto moratorium på bruk av dødsstraff i Thailand.

Den europeiske unionen vil gjerne gje uttrykk for den velkjente haldninga si at ingen har funne at dødsstraff er førebyggjande, og at eit justismord – som er uunngåeleg i alle rettsskipnader – er irreversibelt.

Den europeiske unionen ser på denne straffemåten som grufull og umenneskeleg. Vi er mot bruk av dødsstraff i alle saker og i alle samanhengar og har heile tida oppmoda til å avskaffe dødsstraff i alle land. Vi meiner at avskaffing av dødsstraff er viktig for å verne om menneskeverdet og for ei progressiv utvikling av menneskerettane. Som følgje av dette har dødsstraff vorte avskaffa i heile Den europeiske unionen.

Den europeiske unionen oppmodar regjeringa i Thailand til å avskaffe dødsstraffa i sin heilskap og ber om at det i mellomtida vert vedteke eit moratorium på avrettingar, slik det innstendig vert oppmoda til i resolusjon 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling. Slike tiltak ville medverke til å oppfylle dei uttrykte ambisjonane til regjeringa i Thailand om å fremje menneskerettane.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.