Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av to tibetanarar (29.10.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU fordømmer avrettinga av to tibetanarar, Lobsang Gyaltsen og Loyak, som nyleg fann stad.

EU fordømmer avrettinga av to tibetanarar, Lobsang Gyaltsen og Loyak, som nyleg fann stad.

På bakgrunn av EUs prinsipielle motstand mot dødsstraff oppmoda unionen den 8. mai Kina om å gjere om dødsdommane som vart avsagde av folkedomstolen i Lhasa mot fleire tibetanarar, mellom dei Lobsang Gyaltsen og Loyak, etter opptøyane i Lhasa i mars 2008.

EU respekterer Kinas rett til å stille dei som er ansvarlege for valden, for retten, men uttrykkjer på nytt sin mangeårige motstand mot bruk av dødsstraff under alle omstende. EU minner òg om at dersom dødsstraff framleis skal brukast, må dei internasjonalt godkjende minstekrava overhaldast. Dette inneber at alle mogelege tiltak må setjast i verk for å sikre ein rettferdig rettargang, i tillegg til at den tiltalte må få tilstrekkeleg rettshjelp.

EU uttrykkjer på nytt uro over tilhøva rundt rettssakene, særleg når det gjeld rettstryggleik og andre garantiar for ein rettferdig rettargang. EU oppmodar Kina om å gjere om alle dødsdommar mot personar som er skulda for å ha vore med i opptøyane i Lhasa i mars 2008.

EU oppmodar på nytt dei kinesiske styresmaktene om å avskaffe dødsstraffa fullstendig, og ber om at det som eit første steg vert innført eit moratorium, slik det innstendig vert oppmoda om i resolusjonane 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.