Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei sivile karenarane som flyktar frå Burma/Myanmar (12.06.09)

Norge har sluttet seg til ei erklæring fra Rådet om situasjonen for karen-folket i Burma.

EU har med stor uro merkt seg den aukande offensiven den burmesiske hæren og dei allierte har gjennomført mot den karenske nasjonale frigjeringshæren (KNLA), som har ført til at mange sivile flyktar frå konfliktområdet i Kayin-/Karen-delstaten til Thailand.

EU tek til orde for at det vert sett i verk ei våpenkvile med det same, og oppmodar innstendig om at styresmaktene og dei militære heile tida sørgjer for vern om dei sivile og rettar seg etter internasjonal humanitærrett og menneskerettane. Generelt bør styresmaktene avstå frå å bruke militære løysingar mot etniske minoritetar. Dette leier berre til ustabilitet, langvarig splitting og hat.

EU understrekar på nytt si støtte til Burma/Myanmars suverenitet og territoriale integritet.

EU tek i staden til orde for at det vert lagt til rette for at alle flyktningar kan vende heim, og for at det vert starta ein inkluderande og tidsbunden politisk dialogprosess som kan leie til nasjonal forsoning.

EU er djupt uroa over den humanitære situasjonen for dei tusenvis av menneske som nyleg er fordrivne over grensa til Thailand. Unionen set pris på innsatsen til den thailandske regjeringa, som allereie har teke imot mange burmesiske flyktningar, og som arbeider for å ta seg av dei som no kjem til landet. EU står klar til å yte meir hjelp der det er mogeleg.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.