Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den formelle avskaffinga av dødsstraffa i Togo (03.07.09)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Støre
Utgiver: Europaportalen
Dato: 03.07.2009
Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om den formelle avskaffinga av dødsstraffa i Togo (03.07.09).
EU seier seg glad for den einstemmige avgjerda som vart teken av nasjonalforsamlinga i Togo 23. juni 2009 å avskaffe dødsstraffa for alle brotsverk og å gjere om eksisterande dødsdommar til livsvarig fengsel. Vi gratulerer nasjonalforsamlinga, regjeringa og folket i Togo med denne viktige avgjerda.
Medlemslanda i Den europeiske unionen meiner at det å avskaffe dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet. EU stadfester på nytt at unionen har som mål å arbeide for ei universell avskaffing av dødsstraff. EU meiner at avskaffinga av dødsstraff i Togo er eit viktig steg på vegen mot dette målet, og håpar at denne avgjerda vil oppmuntre andre land i regionen til å gjere det same.
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.