Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer (26.06.09)

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer.

På den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer (26. juni) stadfester EU på nytt sitt engasjement for å avskaffe tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff over heile verda, og for full rehabilitering av torturoffer. Det absolutte forbodet mot bruk av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff er eintydig fastsett etter folkeretten.

EU ser positivt på resolusjon 63/166, som vart vedteken av FNs generalforsamling 18. desember 2008, og resolusjon 10/24, som vart vedteken av FNs generalforsamling 27. mars 2009, og understrekar på nytt si fordømming av alle handlingar eller forsøk på handlingar frå statar eller offentlege tenestemenn si side som har som formål å legalisere, godkjenne eller godta tortur eller anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, også frå helsepersonell og same kva omstende som ligg føre, og sjølv om grunngjevinga er den nasjonale tryggleiken eller det skjer gjennom ei rettsleg avgjerd. Alle skuldingar om tortur må få ei uavhengig etterforsking, og dei skuldige må stillast for retten og straffast.

EU oppmodar alle statar om å rette seg nøye etter prinsippet om å ikkje sende ut personar til statar der det er rimeleg grunn til å tru at personen vil bli torturert.

EU oppmodar alle statar som enno ikkje er part i den internasjonale konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, om å tiltre konvensjonen og den valfrie tilleggsprotokollen, og om å akseptere at torturkomiteen har kompetanse til å ta imot og handsame meldingar frå enkeltpersonar. EU oppmodar òg statar om å fjerne alle atterhald dei har teke i høve til desse dokumenta. Statane må arbeide iherdig, målretta og effektivt, blant anna gjennom lovreformer, for å førebyggje og kjempe mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Den valfrie tilleggsprotokollen er eit viktig bidrag i arbeidet for å få etablert ein uavhengig og effektiv torturførebyggjande mekanisme både nasjonalt og internasjonalt. EU seier seg glad for at Aserbajdsjan, Bosnia-Hercegovina, Chile, Kasakhstan, Kirgisistan, Libanon, Montenegro, Nicaragua og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia nyleg har ratifisert den valfrie tilleggsprotokollen.

EU understrekar at alle statar må sørgje for at torturoffer får oppreisning og har ein lovfesta rett til rimeleg og tilstrekkeleg erstatning, blant anna middel til best mogeleg rehabilitering. Alle statar vert oppmoda til å gjere sitt beste for å gjenopprette sjølvrespekten og menneskeverdet til torturoffer, som ofte lir av langvarige fysiske skader og posttraumatisk stressyndrom, som krev spesialisert og langsiktig rehabilitering.

EU ser positivt på tilrådingane frå det første møtet for sivilsamfunnet innanfor ramma av menneskerettsdialogen mellom EU og Den afrikanske unionen (AU), som fann stad 16. og 17. april 2009 i Brussel. Her vart det oppmoda til at kampen mot tortur skulle prioriterast i samarbeidet mellom dei to kontinenta. EU merkjer seg at deltakarane oppmoda om full gjennomføring av resolusjonen om retningslinjer og tiltak for forbod mot og førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff i Afrika (Robben Island-retningslinjene) og EU-retningslinjene mot tortur.

EU held fram med å støtte kampen mot tortur, både diplomatisk, politisk og økonomisk, innanfor ramma av EU-retningslinjene mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Unionen legg særleg vekt på rehabilitering av torturoffer gjennom det europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar.

EU ser positivt på den leiande rolla FN speler i kampen mot tortur og i arbeidet med å støtte torturofra, og unionen understrekar si støtte til FNs spesialrapportør om tortur, kontoret til Høgkommissæren for menneskerettar, torturkomiteen, underkomiteen for førebygging av tortur og FNs frivillige fond for torturoffer.

EU verdset og støttar arbeidet som blir gjort av dei regionale mekanismane, særleg den afrikanske menneskerettskommisjonens spesialrapportør om fengsel og fengslingstilhøve i Afrika, komiteen om gjennomføring av Robben Island-retningslinjene og Europarådets komité for førebygging av tortur, og oppmodar statar om å gjennomføre tilrådingane deira.

EU framhever den vedvarande innsatsen til dei mange frivillige organisasjonane og einskildpersonane som arbeider utrøytteleg for å førebyggje tortur og lindre lidingane til ofra, og for å mobilisere opinionen i denne viktige saka.

EU forpliktar seg til å vidareføre og intensivere innsatsen for å sikre ei verd fri for tortur.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.