Erklæring frå EU-formannskapet om drapa på menneskerettsforsvararar i Tsjetsjenia (12.08.09)

EU fordømmer drapa på menneskerettsforsvarar Zarema Sadulajeva og mannen hennar, Alik Dzjabrailov, i Tsjetsjenia 10. august og uttrykkjer medkjensle med familiane til offera.

EU fordømmer drapa på menneskerettsforsvarar Zarema Sadulajeva og mannen hennar, Alik Dzjabrailov, i Tsjetsjenia 10. august og uttrykkjer medkjensle med familiane til offera.

Dette kjem etter ei rekkje drap på menneskerettsforsvararar i Russland, medrekna Anna Politkovskaja i 2006, Stanislav Markelov i januar 2009 og Natalja Estemirova 15. juli 2009.

Det er viktig at det snart vert gjennomført ei open og grundig etterforsking av desse siste drapa. Gjerningsmennene må stillast for retten. EU vil følgje nært framgangen i denne etterforskinga og andre pågåande etterforskingar av drap på menneskerettsforsvararar.

Desse siste brotsverka viser enno ein gong farane som menneskerettsforsvararar står overfor. EU ber innstendig dei russiske styresmaktene om å gjere alt som står i deira makt for å sikre vernet av menneskerettsforsvararar, slik dette er stadfesta i FN-erklæringa om rettar og ansvar for einskildmennesket, grupper og samfunnsorgan for å fremje og verne universelt godkjende menneskerettar og grunnleggjande fridomar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.