Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avretting nr. 1000 med dødeleg injeksjon i Sambandsstatane (21.07.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om avretting nr. 1000 med dødeleg injeksjon i Sambandsstatane

EU merkjer seg med stor sorg at USA med avrettinga av Marvallous Keene i delstaten Ohio 21. juli i år har gjennomført avretting nr. 1000 med dødeleg injeksjon sidan dødsstraffa vart innført igjen i 1976.

Den europeiske unionen går imot dødsstraff i alle tilfelle og under alle omstende og har konsekvent oppmoda til at dødsstraffa vert avskaffa over heile verda. Vi meiner at avskaffing av dødsstraffa er viktig for å forsvare menneskeverdet og for ei gradvis utvikling av menneskerettane. Vi ser på denne straffa som grufull og umenneskeleg. Det er ikkje påvist at ho verkar avskrekkande, og justismord, som er uunngåelege i alle rettssystem, kan ikkje gjerast om igjen. Dødsstraffa er derfor avskaffa i heile EU.

EU minner vidare om at FNs generalforsamling 18. desember 2008 vedtok ein resolusjon om dødsstraffa som stadfester generalforsamlinga sin resolusjon frå desember 2007, som oppmodar alle land som framleis praktiserer dødsstraffa, om å innføre eit moratorium på avrettingar med det føremål å avskaffe denne praksisen.

EU ser svært positivt på og set stor pris på samarbeidet med USA om ei rekkje menneskerettsspørsmål verda over. EU vil derfor nytte dette høvet til på nytt å oppmode dei amerikanske føderale styresmaktene og delstatsstyresmaktene til å vedta eit moratorium når det gjeld bruk av dødsstraff, i påvente av at dødsstraffa vert avskaffa ved lov.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.