Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av ni personar i Xinjiang (12.11.09)

EU fordømmer avrettinga av ni personar som nyleg fann stad i Xinjiang etter dei valdelege protestane i Ürümqi 5.–7. juli 2009.

EU fordømmer avrettinga av ni personar som nyleg fann stad i Xinjiang etter dei valdelege protestane i Ürümqi 5.–7. juli 2009.

EU respekterer Kinas rett til å stille dei som er ansvarlege for valdelege handlingar, for retten, men uttrykkjer på nytt sin mangeårige motstand mot bruk av dødsstraff under alle omstende.

EU minner òg om at dersom dødsstraff framleis skal brukast, må dei internasjonalt godkjende minstekrava overhaldast. Dette inneber at alle mogelege tiltak må setjast i verk for å sikre ein rettferdig rettargang, i tillegg til at den tiltalte må få tilstrekkeleg rettshjelp.

EU uttrykkjer på nytt uro over tilhøva rundt rettssakene, særleg når det gjeld rettstryggleik og andre garantiar for ein rettferdig rettargang. EU oppmodar Kina om straks å gå gjennom sakene til dei som framleis er dømde til døden skulda for å ha delteke i opptøyane i år, og om å gjere om dommane deira.

EU oppmodar på nytt dei kinesiske styresmaktene om å avskaffe dødsstraffa fullstendig, og ber om at det som eit første steg vert innført eit moratorium, slik det innstendig vert oppmoda om i resolusjonane 62/149 og 63/168 frå FNs generalforsamling.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.