Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Iran (12.05.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av fem personar i Iran.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av fem personar i Iran.

EU fordømmer på det sterkaste avrettingane som fann stad 9. mai 2010 i Evin-fengselet i Iran, av Shirin Alamhouli, Farzad Kamangar, Ali Haydarian, Farhad Vakili og Mehdi Eslamian.

EU er djupt uroa over at det i Iran gjentekne gonger har vorte avsagt dødsdom mot personar som høyrer til minoritetar, og mot personar som tok del i protestane etter valet. EU er motstandar av dødsstraff under alle omstende.

EU oppmodar Iran om å rette seg fullt ut etter dei internasjonale forpliktingane sine når det gjeld retten til å få saka si prøvd i ein upartisk rettsprosess og om å overhalde minstekrava ved bruk av dødsstraff, og oppmodar om at andre nært føreståande avrettingar vert stansa. EU oppmodar vidare Iran om å vurdere alternative straffer for Zeynab Jalalian og Hossein Khezri, som begge er dømde til døden for «moharebeh» («krig mot Gud») og no sit fengsla.

EU oppmodar Iran om å innføre eit moratorium på bruk av dødsstraff, i samsvar med resolusjonane frå FNs generalforsamling som vart vedtekne 18. desember 2007 og 20. desember 2008.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.