Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale dagen for pressefridom, 3. mai 2010 (03.05.10)

I høve den internasjonale dagen for pressefridom minner EU om journalistane og dei andre mediearbeidarane som har ofra livet eller fridomen i arbeidet for å formidle nyheiter og kommentarar til det store publikum.

I høve den internasjonale dagen for pressefridom minner EU om journalistane og dei andre mediearbeidarane som har ofra livet eller fridomen i arbeidet for å formidle nyheiter og kommentarar til det store publikum.

EU er ein sterk forkjempar for retten til ytringsfridom. Unionen står fast ved at mediemangfaldet og mediefridommen, som nedfelt i artikkel 11 i EU-charteret om grunnleggjande rettar, må respekterast. Dette er ein hjørnestein i demokratiet og eit sentral element i vernet av alle andre rettar og fridomar.

EU er djupt uroa over truslar mot mediefridomen og ser på drap på, intimidering og fengsling av journalistar som eit alvorleg brot på mediefridomen. EU fordømmer på det sterkaste alle innskrenkingar i retten til ytringsfridom som eit angrep på menneskeverdet og stadfestar at ytringsfridomen er ein grunnleggjande rett som er nedfelt i den internasjonale menneskerettserklæringa.

EU understrekar at mediemangfald og mediefridom òg omfattar ny teknologi, deriblant Internett. Den nye teknologien fremjar ytringsfridomen gjennom å gje enkeltpersonar tilgang til meir informasjon om menneskerettar enn nokon gong før og høve til å gjere brot på desse rettane kjende for resten av verda, i tillegg til at ein kan fremje andre menneskerettar. Likevel er det for mange hindringar som står i vegen for retten til informasjon rundt om i verda.

EU minner om konsensusen ein nådde fram til på menneskerettsrådet om meinings- og ytringsfridom, som erkjenner kor viktig Internett for å utøve, fremje og verne retten til meinings- og ytringsfridom. EU oppmodar alle statar om å gjennomføre alle tiltak som er nødvendige for å sikre at retten til ytringsfridom, i alle sine former, vert respektert gjennom at ein følgjer internasjonale menneskerettsstandardar og samarbeider med alle relevante internasjonale aktørar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).