Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om at Djibouti har teke inn avskaffing av dødsstraff i grunnlova (30.04.10)

EU seier seg glad for at parlamentet i Djibouti har vedteke ei lov der avskaffinga av dødsstraff vert teken inn i grunnlova.

EU seier seg glad for at parlamentet i Djibouti har vedteke ei lov der avskaffinga av dødsstraff vert teken inn i grunnlova.

EU gratulerer Djibouti med at landet ytterlegare har styrkt engasjementet for avskaffing av dødsstraff i samsvar med den globale utviklinga mot avskaffing av dødsstraff. Djibouti avskaffa dødsstraffa for alle brotsverk i 1995 og ratifiserte i 2002 den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar om avskaffing av dødsstraff.

EU går sterkt imot dødsstraff under alle omstende. EU meiner at  avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane. Unionen meiner at dødsstraff er ei grufull og umenneskeleg straff som ikkje verkar avskrekkande på kriminelle, og som inneber ei uakseptabel fornekting av menneskeverdet og menneskets integritet. Justismord, som er uunngåelege i alle rettssystem, kan ikkje gjerast om igjen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).