Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Erklæring frå EU om Eritrea (09.06.10)

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/127/FUSP om restriktive tiltak mot Eritrea.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/127/FUSP om restriktive tiltak mot Eritrea.

1. mars  2010 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/127/FUSP (kunngjord 2. mars 2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 51 s.19) som pålegg restriktive tiltak mot Eritrea i samsvar med resolusjon 1907 (2009) frå FNs tryggingsråd.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/127/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet,  og Republikken Moldova.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.
 

Til toppen