Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot sju bahaileiarar (120810)

EU uttrykkjer djup uro over at sju bahaileiarar i Iran er dømde til 20 års fengsel, og ber om at dei straks vert sette fri.

EU uttrykkjer djup uro over at sju bahaileiarar i Iran er dømde til 20 års fengsel, og ber om at dei straks vert sette fri.

Dommen ser ut til å byggje på at dei tiltalte høyrer til ein religiøs minoritet, og det er store manglar ved den rettslege prosessen, som er i strid både med dei internasjonale forpliktingane til Iran under FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR) og med den nasjonale lovgjevinga om retten til ein rettferdig rettargang.

EU minner om at tanke-, samvits- og religionsfridom er grunnleggjande rettar som må sikrast under alle omstende, i samsvar med artikkel 18 i ICCPR som Den islamske republikken Iran har underteikna og ratifisert.

EU oppmodar Iran om å setje ein stoppar for forfølginga av bahaisamfunnet.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island +, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområ