Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om kvinnedrap (30.06.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU er uroa over auken i kjønnsrelatert vald i somme delar av Latin-Amerika. EU er særleg uroa over det stadig stigande talet på drap på jenter og kvinner som finn stad i samband med massevald og strukturell diskriminering.

EU er uroa over auken i kjønnsrelatert vald i somme delar av Latin-Amerika. EU er særleg uroa over det stadig stigande talet på drap på jenter og kvinner som finn stad i samband med massevald og strukturell diskriminering. EU fordømmer på det sterkaste alle former for kjønnsrelatert vald og dei heilt uakseptable kvinnedrapa, i tillegg til den rådande kulturen for straffridom for desse brotsverka. 

EU rosar det utrøyttelege og framsynte arbeidet den interamerikanske menneskerettsdomstolen gjer på dette området, og ser på det som eit viktig steg vidare at domstolen har slått fast at kjønnsrelatert vald kan vere ei form for kjønnsdiskriminering, og at han har godkjent at kvinnedrap er kjønnsrelaterte drap. 

EU kjem til å gje aktiv støtte til utveksling av beste praksis og samarbeid innanfor Latin-Amerika og er villig til å samarbeide om å finne løysingar som kan utrydde vald mot kvinner, gjennom politisk støtte, lovgjevingssamarbeid og konkrete tiltak. Desse tiltaka kan omfatte oppretting av nasjonale databasar, offentleggjering av opplæringsprogram og handbøker om kjønnsspørsmål, standardisering av protokollar, utvikling av ekspertise eller andre eigna tiltak. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.