Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om valet i Den bolivarianske republikken Venezuela (280910)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 22. september til ei EU-erklæring om valet i Venezuela

EU gratulerer regjeringa i Den bolivarianske republikken Venezuela, dei nasjonale politistyrkane og det venezuelanske folket med valet til ny nasjonalforsamling 26. september.

EU seier seg nøgd med at valet gjekk fredeleg føre seg.

EU seier seg glad for at alle politiske krefter i landet har teke del i valet, og for at det på nytt er fleire parti som er representerte i nasjonalforsamlinga. Dette dannar eit godt grunnlag for ein fornya, utbytterik politisk dialog, til beste for heile det venezuelanske folket.

EU set pris på den positive rolla dei nasjonale valobservatørorganisasjonane har spelt. EU merkjer seg at det nasjonale valrådet i Venezuela akkrediterte meir enn 200 internasjonale gjester til å følgje valdagen. Det var ingen langsiktige internasjonale valobservatørgrupper som var til stades.

EU ser fram til å vidareføre og styrkje banda til Den bolivarianske republikken Venezuela i alle saker av felles interesse. Unionen stadfestar på nytt at han vil støtte dei demokratiske institusjonane, sosial inkludering og berekraftig utvikling i landet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Erklæringa kan lesast her.