Erklæring frå EU og AU til støtte for ofre for tortur (25.06.10)

Felleserklæring frå Den afrikanske unionen og den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer.

Felleserklæring frå Den afrikanske unionen og den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer.

På den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer, som finn stad 26. juni, stadfestar Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen sitt engasjement for å avskaffe tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff over heile verda, og for full rehabilitering av torturoffer. Det absolutte forbodet mot bruk av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff er eintydig fastsett etter folkeretten.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen minner om resolusjon 64/153 som vart vedteken av FNs generalforsamling 18. desember 2990, og resolusjon 13/L.19 som vart vedteken av FNs menneskerettsråd 26. mars 2010, og understrekar at statane må arbeide iherdig, målretta og effektivt for å førebyggje og kjempe mot all tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Dei oppmodar statane til å sørgje for at dommarar, aktorar og advokatar vert respekterte for den avgjerande rolla dei spelar for å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, mellom anna når det gjeld vilkårleg fridomskrenking, garantiar for rettstryggleik og rettferdig rettargang og for å få gjerningsmenn stilte for retten.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen oppmodar alle statar som enno ikkje er part i den internasjonale konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, om å tiltre konvensjonen og den valfrie tilleggsprotokollen (OPCAT), og om å akseptere at torturkomiteen har kompetanse til å ta imot og handsame meldingar frå enkeltpersonar. Statane må arbeide målretta og effektivt, blant anna gjennom lovreformer, for å førebyggje og kjempe mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

OPCAT er eit viktig bidrag i arbeidet for å få etablert ein uavhengig og effektiv torturførebyggjande mekanisme både nasjonalt og internasjonalt. OPCAT er den første internasjonale avtalen som har som føremål å førebyggje tortur og andre formar for mishandling gjennom at det vert oppretta eit system der uavhengige internasjonale og regionale instansar regelmessig vitjar stader der det oppheld seg personar som er fråtekne fridomen.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen understrekar at alle statar må sørgje for at torturoffer får oppreisning og har ein lovfesta rett til rimeleg og tilstrekkeleg erstatning, blant anna middel til best mogeleg rehabilitering. Alle statar vert oppmoda til å gjere sitt beste for å gjenopprette sjølvrespekten og menneskeverdet til torturoffer, som ofte lir av langvarige fysiske skader og posttraumatisk stressyndrom, som krev spesialisert og langsiktig rehabilitering.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen tilrår på det sterkaste at tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff vert forbode under alle omstende. Den europeiske unionen held fram med å støtte kampen mot tortur, både diplomatisk, politisk og økonomisk, innanfor ramma av EU-retningslinjene mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Den europeiske unionen legg særleg vekt på rehabilitering av torturoffer gjennom det europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen ser positivt på den leiande rolla FN speler i kampen mot tortur og i arbeidet med å støtte torturofra, og understrekar at dei støttar FNs spesialrapportør om tortur, kontoret til høgkommissæren for menneskerettar, torturkomiteen, underkomiteen for førebygging av tortur og FNs frivillige fond for torturoffer.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen verdset og støttar arbeidet som blir gjort av dei regionale mekanismane, særleg den afrikanske menneskerettskommisjonens spesialrapportør om fengsel og fengslingstilhøve i Afrika, komiteen for førebygging av tortur i Afrika og Europarådets komité for førebygging av tortur, og oppmodar statane om å gjennomføre tilrådingane deira.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen framhevar den vedvarande innsatsen til mange frivillige organisasjonar og ser positivt på tilrådingane frå det første møtet for sivilsamfunnet innanfor ramma av menneskerettsdialogen mellom Den europeiske unionen og Den afrikanske unionen, som fann stad 16. og 17. april 2009 i Brussel. Her vart det oppmoda til at kampen mot tortur skulle prioriterast i samarbeidet mellom dei to kontinenta.

Vi merkjer oss òg at deltakarane oppmoda om full gjennomføring av resolusjonen om retningslinjer og tiltak for forbod mot og førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff i Afrika (Robben Island-retningslinjene) og EU-retningslinjene mot tortur.

Den afrikanske unionen og Den europeiske unionen forpliktar seg til å vidareføre og intensivere arbeidet for å sikre ei verd fri for tortur.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.