Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om rettssaka mot sju baha’i-leiarar i Iran (12.01.10)

EU er djupt uroa over rettssaka som startar i dag mot sju baha'i-leiarar i Iran, sidan skuldingane mot dei ser ut til å byggje på at dei høyrer til ei trusretning som er i mindretal.

EU er djupt uroa over rettssaka som startar i dag mot sju baha'i-leiarar i Iran, sidan skuldingane mot dei ser ut til å byggje på at dei høyrer til ei trusretning som er i mindretal.

EU minner om at tanke-, samvits- og religionsfridom er ein grunnleggjande og uomtvisteleg rett som skal sikrast under alle omstende, i samsvar med artikkel 18 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR), som Den islamske republikken Iran har underteikna og ratifisert.

EU oppmodar om at det vert halde ein rettferdig og open rettargang som oppfyller alle internasjonale standardar og forpliktingar etter ICCPR. EU ber på nytt om at styresmaktene i Den islamske republikken Iran tillet at uavhengige observatørar er til stades under rettssaka.

EU er òg djupt uroa over at tretten andre medlemer av baha’i-samfunnet nyleg vart arresterte, skulda for å teke del i protestar mot styresmaktene. EU oppmodar Iran om å stanse forfølginga av baha’i-samfunnet og setje dei arresterte personane fri.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.