Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Iran (12.06.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssituasjonen i Iran, som har vorte alvorleg forverra sidan presidentvalet i juni 2009.

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettssituasjonen i Iran, som har vorte alvorleg forverra sidan presidentvalet i juni 2009.

Mange iranarar har vorte utsette for vald, fengsling og undertrykking frå dei iranske styresmaktene si side. Vi merkjer oss at frykta no rådar i Iran, som eit resultat av dei stadige truslane mot journalistar, menneskerettsforsvararar, studentar og alle som tek til orde for å forsvare dei legitime rettane sine.

EU oppmodar Iran om å respektere ytringsfridomen, ikkje minst ved at innbyggjarane fritt får kommunisere og ta imot informasjon gjennom TV, satellittbaserte radiosendingar og Internett. Vi er uroa over dei alvorlege rapportane om mishandling og tortur av personar som er arresterte og sit fengsla, og over påstandar om tvungne tilståingar.

Vi oppmodar Iran om å respektere retten til ein rettferdig rettargang som er nedfelt i artikkel 14 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Diskriminering mot religiøse og etniske minoritetar og kvinner er andre område som vekkjer uro. I denne samanhengen vil EU følgje nøye med på den pågåande rettssaka mot ei rekkje bahai’-leiarar.

EU fordømmer på det sterkaste den aukande bruken av dødsstraff i Iran som eit middel for å skremme den politiske opposisjonen. Dødsstraff vert òg brukt i saker der dette er forbode etter folkeretten.

Vi nyttar dette høvet til å forsikre det iranske folket om at dei ikkje er gløymde: EU vil halde fram med å protestere og oppmode dei iranske styresmaktene om å respektere rettane til innbyggjarane ut frå dei internasjonale føresegnene dei har forplikta seg til å følgje som part i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og andre menneskerettstraktatar.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.