Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Korea (03.06.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2009/1002/FUSP av 22. desember 2009 om endring av felles haldning 2006/795/FUSP om restriktive tiltak mot Den demokratiske folkerepublikken Korea.

22. desember  2009 vedtok Rådet avgjerd 2009/1002/FUSP . Rådsavgjerda inneheld ei endring av den felles haldninga som vart vedteken 20. november 2006, og som seinare har vorte fornya. Ho tredde i kraft den dagen ho vart vedteken.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2009/1002/FUSP: søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).