Erklæring frå den høge representanten på vegner av EU om situasjonen i Kviterussland (30.03.10)

EU uttrykkjer djup uro over trakasseringa den siste tida av representantar for uavhengige media, det sivile samfunnet og opposisjonsrørsler, mellom anna restriksjonar på forsamlings-, organisasjons- og ytringsretten, og beklagar at det framleis finst hindringar for å få registrert frivillige organisasjonar og opposisjonsparti.

EU uttrykkjer djup uro over trakasseringa den siste tida av representantar for uavhengige media, det sivile samfunnet og opposisjonsrørsler, mellom anna restriksjonar på forsamlings-, organisasjons- og ytringsretten, og beklagar at det framleis finst hindringar for å få registrert frivillige organisasjonar og opposisjonsparti.

EU oppmodar Kviterussland til å sjå alvorleg på spørsmåla som gjeld demokrati, stoda for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane i landet.

Denne utviklinga gjev særleg grunn til uro i tida før lokalvalet 25. april. EU legg stor vekt på at  valet skal gå rett føre seg, og forventar at dei kviterussiske styresmaktene gjer sitt beste for å sikre at føresetnadene er til stades for demokratiske val som oppfyller OSSE-standardane og andre internasjonale standardar.

EU beklagar at måten dei lokale valkommisjonane er organiserte på, skapar tvil om demokratiske og uavhengige frivillige organisasjonar vert godt nok representerte. EU kjem til å følgje nøye med på avviklinga av lokalvalet.

EU minner om sin sterke motstand mot dødsstraffa og seier seg lei for at to menn ifølgje rapportar har vorte avretta i Minsk. EU oppmodar dei kviterussiske styresmaktene om å frigje all informasjon om saka. Kviterussland er det einaste landet i Europa som framleis brukar dødsstraff. EU oppmodar Kviterussland om straks å innføre eit moratorium på bruk av dødsstraff med sikte på avskaffing.

EU minner om engasjementspolitikken sin overfor Kviterussland, mellom anna innanfor ramma av den austlege partnarskapen. Unionen gjentek at viljen til å utdjupe relasjonane med Kviterussland er avhengig av at landet kjem med konkrete tiltak med sikte på demokrati, menneskerettar og rettsstatsprinsippet. EU er framleis parat til å hjelpe Kviterussland med å nå desse måla.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.