Erklæring frå EU om Kviterussland (11.05.10)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2009/969/FUSP av 15. desember 2009 om forlenging av dei restriktive tiltaka mot visse tenestemenn i Kviterussland som fastsett i Rådets felles haldning 2006/276/FUSP og om oppheving av Rådets felles haldning 2009/314/FUSP.

Den 15. desember 2009 vedtok Rådet avgjerd 2009/969/FUSP. Denne rådsavgjerda forlenger dei restriktive tiltaka mot visse tenestemenn i Kviterussland som fastsett i Rådets felles haldning 2006/276/FUSP, og opphever Rådets felles haldning 2009/314/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2009/969/FUSP: søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Dei vil sørgje for at deira nasjonale politikk er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).