Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Honduras: innsetjinga av Porfirio Lobo som president (27.01.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

I høve innsetjinga av Porfirio Lobo som president i Honduras uttrykkjer EU håp om at mandatet hans vil markere starten på ein ny æra, og at relasjonane mellom Honduras og EU, saman med resten av verdssamfunnet, vert normaliserte.

I høve innsetjinga av Porfirio Lobo som president i Honduras uttrykkjer EU håp om at mandatet hans vil markere starten på ein ny æra, og at relasjonane mellom Honduras og EU, saman med resten av verdssamfunnet, vert normaliserte. 

EU ønskjer det honduranske folket ei framtid i fred og velstand og håpar at landet snart vert integrert i verdssamfunnet att.

Dei siste sju månadane har EU gjentekne gonger understreka at den institusjonelle krisa i Honduras må løysast på fredeleg vis og på grunnlag av ein avtale som har støtte hjå alle aktørane. På dette punktet beklagar EU at Tegucigalpa- / San José-avtalen ikkje vart gjennomført fullt ut.

EU ser positivt på initiativa som Porfirio Lobo tok før innsetjinga, særleg at han nyleg underteikna avtalen om nasjonal forsoning og styrking av demokratiet i Honduras – eit viktig første steg i rett retning – og oppmodar han om å setje dei ut i handling snarast råd.

EU oppmodar særleg Lobo om å sett i gang ein effektiv nasjonal forsoningsprosess, som omfattar ei fullgod og verdig løysing for den avgåtte presidenten Manuel Zelaya, og om snarast å opprette sanningskommisjonen som er omhandla i Tegucigalpa- / San José-avtalen. EU står framleis klar til å støtte gjenopprettinga av konstitusjonell og demokratisk orden og den nasjonale forsoningsprosessen i Honduras. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.