Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av EU om moratoriet på dødsstraff i Mongolia (14.01.10)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU ser positivt på at Mongolia kunngjorde eit moratorium på bruk av dødsstraff 14. januar 2010.

EU ser positivt på at Mongolia kunngjorde eit moratorium på bruk av dødsstraff 14. januar 2010.

EU gratulerer presidenten i Mongolia, den store Khural (eittkammerparlamentet i Mongolia), den mongolske regjeringa og det mongolske folket med denne viktige avgjerda. EU oppmodar Mongolia om å gjere om alle eksisterande dødsdommar til livsvarig fengsel.

EU meiner at det å avskaffe dødsstraff er med på å styrkje menneskeverdet. EU meiner at dødsstraff er ei grufull og umenneskeleg straff, som ikkje verkar avskrekkande på kriminelle, og som inneber ei uakseptabel fornekting av menneskeverdet og menneskets integritet.

EU stadfestar at organisasjonen har til mål å arbeide for avskaffing av dødsstraff i alle land. Unionen håpar at moratoriet i Mongolia er det første steget på vegen mot å avskaffe dødsstraffa heilt, noko som kan oppmuntre andre land i regionen til å gjere det same.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringen på nettsida til EU.