Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettsdagen 10. desember 2010

I høve menneskerettsdagen 10. desember heidrar Den europeiske unionen dei mange menneskerettsforkjemparane over heile verda som vier livet sitt til å fremje og verne om dei grunnleggjande rettane som er nedfelte i verdserklæringa om menneskerettane

I høve menneskerettsdagen 10. desember heidrar Den europeiske unionen dei mange menneskerettsforkjemparane over heile verda som vier livet sitt til å fremje og verne om dei grunnleggjande rettane som er nedfelte i verdserklæringa om menneskerettane. Vi hyllar og støttar arbeidet til desse modige menneska som arbeider for å få slutt på brot på menneskerettane uansett kvar i verda dei finn stad.

Årets menneskerettsdag set søkjelyset på arbeidet til menneskerettsforkjemparar som slåst mot diskriminering. Kampen mot alle former for diskriminering er høgt prioritert i EU, anten det skjer heime eller ute. Diskriminering kjem i mange former, og EU arbeider tett med aktivistar frå sivilsamfunnet verda over i kampen mot diskriminering. EU oppmodar alle statar om å sikre at lovgjevinga og praksisen deira ikkje hindrar legitimt og fredeleg menneskerettsarbeid i samsvar med FN-erklæringa om menneskerettsforkjemparar.

EU støttar arbeidet til menneskerettsforkjemparar både politisk og økonomisk. I 2007–2013 gir EU 40 millionar euro til menneskerettsforkjemparar sine prosjekt. Berre i år har meir enn 150 menneskerettsforkjemparar mottatt støtte frå det europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar (EIDHR). Den europeiske utanrikstenesta er fast bestemt på å halde fram med å verne om og støtte menneskerettsforsvararar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landet Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis med i EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.