Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen i høve femårsdagen for underteikninga av den samla fredsavtalen for Sudan 9. januar 2005 (11.01.10)

På femårsdagen for underteikninga av den samla fredsavtalen (CPA) for Sudan ønskjer EU å understreke kor viktig det er å arbeide for full gjennomføring av CPA for å sikre fredelege relasjonar mellom Nord- og Sør-Sudan, og for fred og stabilitet i heile Sudan og i regionen.

På femårsdagen for underteikninga av den samla fredsavtalen (CPA) for Sudan ønskjer EU å understreke kor viktig det er å arbeide for full gjennomføring av CPA for å sikre fredelege relasjonar mellom Nord- og Sør-Sudan, og for fred og stabilitet i heile Sudan og i regionen.

EU rosar framskritta den siste tida i forhandlingane mellom dei to partane i CPA, Det nasjonale kongresspartiet og Det sudanske folkets frigjeringsrørsle, og oppmodar dei til å leve opp til det felles ansvaret dei har for å løyse dei uteståande problema, mellom anna trekkinga av grenselinja mellom nord og sør.

2010 er eit særleg avgjerande år for Sudan. I april skal det haldast val for første gong på meir enn 20 år, og dette vil markere byrjinga på ei ny tid med omlegging til demokrati i Sudan. Det er difor svært viktig at vala finn stad under fredelege tilhøve der det vert lagt til rette for eit truverdig valresultat. EU har støtta den nasjonale valkommisjonen og vurderer å sende ut eit valobservatørsendelag.

2010 er òg det året som leier fram mot folkeavstemminga om sjølvstyre for den sørlege delen av Sudan, som skal finne stad i januar 2011 ifølgje CPA. EU ser på det som avgjerande at dei to partane i CPA straks går inn i ein dialog om viktige tema for å sikre fredeleg sameksistens i framtida uavhengig av resultatet av folkeavstemminga, der ein tek omsyn til konsekvensane for heile Sudan.

EU står parat til å støtte dette arbeidet, mellom anna gjennom vurderings- og evalueringskommisjonen (AEC) som kan spele ei sentral rolle i denne samanhengen.

EU har sett med uro på den aukande utryggleiken i Sør-Sudan, som fører til at urovekkjande mange har mista livet, og oppmodar alle partar om å syne atterhald og samarbeide med FN-styrken i Sudan (UNMIS) for å fremje trygge tilhøve.

Rapporten frå Den afrikanske unionens høgnivåpanel for Darfur, som vert leidd av tidlegare president Mbeki, er eit velkome bidrag for å forstå konflikten i Darfur. EU ser positivt på rolla dette panelet kan spele for å handsame rettsspørsmål og støtte arbeidet for å finne ei politisk løysing på konflikten i Darfur, i tillegg til arbeidet for å fremje gjennomføringa av CPA. Det må gjerast slutt på konflikten i Darfur. Varig fred er avhengig av ei inkluderande politisk løysing. EU støttar fullt ut arbeidet til Den afrikanske unionens og FNs felles sjefsmeklar og oppmodar alle dei væpna rørslene om å setje seg ved forhandlingsbordet i Doha med det same.

Det er framleis behov for å styrkje tryggeleiken, mellom anna med våpenkvile, i Darfur. Humanitær innsats, humanitærretten og menneskerettane må respekterast. AU/FNs fredsbevarande styrke, UNAMID, speler ei sentral rolle. Angrep på fredsbevarande styrker og bortføring av hjelpearbeidarar må fordømmast på det sterkaste.

EU er fast bestemt på å halde fram med støtta til utviklinga av eit demokratisk, fredeleg og velståande Sudan. Det er berre gjennom ei tilnærming som omfattar heile Sudan at ein kan nå desse målsetjingane. EU held fast på engasjementet sitt i konfliktane i Sudan, anten det gjeld nord/sør, Darfur eller den austlege delen av landet, samtidig som unionen tek omsyn til at desse konfliktane er nært knytte saman og svært samansette.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.